Forskarar slår alarm om muggsopp


HØG RESISTENS-GRAD: Den sjukdomsframkallande muggsoppen Aspergillus fumigatus er ein muggsopp som har utvikla høg grad av resistens mot azoler, som er den viktigaste klassen av medikament som blir brukt til å forebygge og behandle soppinfeksjonar hos menneske og dyr. Bildet er tatt gjennom scanning-elektromikroskop. Bildet er forstørra opp 2000 gonger og tilsett farge for å få fram strukturar og kontrastar. Foto: Jannicke Wiik-Nielsen, Veterinærinstituttet / NTB scanpix Foto: Jannicke Wiik-Nielsen, Veterinærinstituttet

Kvart år døyr 1,5 million menneske av soppinfeksjonar, og stadig oftare er soppen resistent mot legemiddel. No slår forskarar alarm.

Først og fremst er det personar med svekt immunforsvar som risikerer å døy av soppinfeksjonar. Men dei seinaste åra har ein òg sett at heilt friske menneske vert ramma.

– Dette kan til dømes vere folk som har hatt influensa. Etter influensaen får dei ein sekundær soppinfeksjon i lungene, soppen viser seg å vere resistent, og så døyr dei, seier seniorforskar Ida Skaar ved det statlege Veterinærinstituttet til NTB.

– Underkommunisert

Muggsoppen på bildet heiter Aspergillus fumigatus. Han kan forårsake dødelege infeksjonar og har utvikla høg grad av resistens mot azolar, dei viktigaste medikamenta som blir brukt i behandlinga.

Skaar meiner at problemet er alvorleg underkommunisert.

– Kvart år døyr like mange av soppinfeksjonar som tuberkulose og malaria. Likevel blir det ikkje snakka om i det heile. Samtidig med dette utviklar soppen resistens mot midla som blir brukte i behandlinga. Resistensen spreier seg over heile verda, utan at det heller blir snakka om, seier ho.

Denne veka er den fremste ekspertisen i verda på soppmiddelresistens samla i Oslo for å diskutere utfordringa. Samtidig blir det lagt fram ein ny rapport om situasjonen for problemet i Noreg.

– Vi veit eigentleg «nada» om korleis det er i Noreg. Statistikken er kraftig underrapportert, men det blir rapportert om 200 alvorlege soppinfeksjonar blant menneske i året, seier forskaren.

– Men azolane blir òg brukt i landbruket. Dei er nødvendige for å sikre nok mat og trygg mat. Azolane blir brukt på golfbanar og i behandling av treverk. I utgangspunktet bidreg auka bruk til auka risiko for resistensutvikling, men utviklinga kan bremsast. Sjølv om det har vore fokus på å hindre resistensutvikling hos sopp som angrip planter, finst det i det heile ingen regulering på tvers av menneske, dyr og plantar i det heile, seier Skaar.

Manglar strategi

Tal frå Nederland har vist at rundt ein tredel av den skumle Aspergillus fumigatus-soppen har utvikla resistens mot azolar. Til samanlikning var berre 7 prosent av soppen resistent i 2007 i Nederland.

Skaar saknar skikkelege tal òg frå Noreg, og dessutan ein klar strategi frå styresmaktene.

– Dei rette styresmaktene må snakke saman for å vite korleis situasjonen er og overvake han. Vi må snakke saman for å finne ut korleis vi kan bruke azolane på best mogleg måte, til å sikre nok mat, trygg mat, samtidig som vi beheld verknaden av dei medisinske azolane, seier forskaren.

Ho peikar på at ein dei siste åra har vorte stadig flinkare til å overvake bakteriell antibiotikaresistens og håper det same kan skje innanfor sopp.

kilde: https://www.firda.no/nyheiter/helse/sjukdom/forskarar-slar-alarm-om-muggsopp/s/5-15-750925

 

 
 
Effecta as | Damsgårdsveien 150 / 152 | 5160 Laksevåg |   Tel: 55 34 90 00 | Fax: 55 34 90 05  | E-post: post@effecta.no                            Design: Netnor
Personvern
V i bruker ulike verktøy, som informasjonskapsler, for å forbedre brukeropplevelsen og for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt, produktene våre og tjenestene våre. Ved å bruke nettstedet godtar du bruken av informasjonskapsler. 
Les mer om informasjonskapsler
Aksepter
×